Lindum bygger storhall på Lindenes
Ein ny rubbhall på Lindenes ragar 14,5 meter opp i lufta. Han er iaugefallande for alle som køyrer forbi på riksveg 13.
Eit miljøtiltak
— Det er jo mange som har spurt om det skal vera storkonsert her, eller kva som skjer. Det seier Jarle Johan Utne. Reisverket i metall ser ut som ei gigantisk konsertscene.
Utne køyrer gravemaskin for Lindum. Det er han som har ansvar for sortering av avfall som kjem inn, og det er han som no får tak over hovudet på gravemaskina si.
— Fordelen er at no kjem alt under tak, seier Utne.
Lindum fraktar avfall frå bedrifter i store konteinarar og tippar i grøfta til Utne. Han sorterer ut trevirke, stål, grovavfall og brennbart restavfall.
Lindum sine sjåførar hentar næringsavfall frå kundar i eit stort geografisk område.
På bildet under: Johannes Solheim, Jarle Johan Utne og Arnfinn Førsund iakttar det nye sorteringsanlegget på Lindenes.
Lukkar avvik
Lindum har bygd inn sorteringsgropa etter krav frå Statsforvaltaren i Vestland.
— Lindum har hatt eit avvik ved å sortera under open himmel, men vi har fått utsetting på dette, og det vil bli lukka tidleg på nyåret.
Det forklarar Johannes Solheim, han er anleggsleiar for Lindum i Odda.
— Eg må innrømma at hallen blei høgare enn eg trudde, seier Arnfinn Førsund. Han er sals- og prosjektleiar i Lindum og var med og planla hallen i ein tidleg fase. Hallen må raga så høgt fordi bilane som kjem inn skal kunna tippa konteinarane sine. Dermed må portane bli både høge og breie.
For Lindum kostar det ca. seks millionar kroner å få på plass den nye sorteringshallen.
— Dette er eit miljøtiltak, seier Arnfinn Førsund.
Han og Solheim håpar hallen skal vera ferdige ein gong like over nyttår, slik at dei får tatt han i bruk. Lindum-tilsette fortel at det har vore mange brannar i slike sorteringshallar rundt omkring i landet, men dei har til no vore skåna på Lindenes.
— Det er viktig å tømma hallen kvar dag og å la konteinarane stå med lokk på.
Bilde under: Johannes Solheim er anleggsleiar for Lindum si avdeling i Odda.
Gjenbrukar tomt
Hallen reiser seg der det tidlegare stod eit komposteringsanlegg. Kompostering er historie på Lindenes. Matavfall går til eit biogassanlegg i Tønsberg. Lindum køyrer òg matavfall frå Voss til Tønsberg, og dei fraktar òg BIR bedrift sitt matavfall same veg. Etter at Lindum byrja å køyra matavfallet frå Ullensvang til Austlandet i 2021, starta jobben med å riva kompostanlegget på Lindenes. No gjenbrukar dei ein del av grunnmuren frå komposteringsanlegget til den nye sorteringshallen.
Totalt har Lindum i Odda 24 sjåførar. I tillegg har dei 12 andre som blir administrert frå Odda, men som er på reisejobb andre stader i landet.
— I alle fall 30 av dei tilsette er frå lokalsamfunnet, fortel Solheim og Førsund. Lindum har vunne anbod og handterer grovavfall, matavfall, e-avfall og farleg avfall for Ullensvang kommune.
Geminor har vunne anbod og fraktar dermed hushaldningsavfall og papir for Ullensvang kommune.
Saken er med godkjenning gjengitt fra Hardanger Folkeblad. Tekst og bilde: Eli Lund.